28.4.2018 kl 18:00: SUS Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester med solistar 11.5.2018 Bygdepride ´18, Marsj frå Omsorgssenteret til Propellhallen kl 17:30 8. og 9.6.2018: Operaen KIMEN verdspremiere

Konserten "Improvisasjon i tid og rom" vart halden i Propellhallen 19.10.2016

Utøvarar:

Andreas Barth – perkusjon, elektronikk
Geir Hjorthol – trompet
Magnar Åm – flygel, glas 

Utdrag frå konserten vart filma av Torleif Sagstad (Magnar har i etterkant gitt bolkane forslag til tittel). Sjå/høyr utdraga ved å fylgje lenkjene nedanfor. 

to live is a fragile thing

https://drive.google.com/file/d/0B-oYqQ7yU3PgdHV2S...

our voice our vessel

https://drive.google.com/file/d/0B-oYqQ7yU3PgYkdqd...

and time our wind

https://drive.google.com/file/d/0B-oYqQ7yU3PgLVNKZ... 


Frå Volda Vokal sin 25-års jubileumskonsert 17.9.2016:


Frå den vakre konserten 28.8.2016 med John Inge Leira Bjøringsøy, flygel, Torgeir Hovden Standal, gitar, Torkjell Hovland, kontrabass og Bente Mangerud, trombone:


Anniken Solli-Mork, Gaute Vikdal og Henning Johnsen framførte programmet Digital Seter i Propellhallen 11. juli 2016.



Kirsti Gjørvad med prishua som beviser at ho og Scana er "Kulturpropell 2016".

Prisen går til ei bedrift, ein næringslivsperson eller politikar som det siste året har gjort noko særskilt for kunstkulturlivet i Volda.



24. april

Konsert med koret «STEMT»
 - «Skisser frå eit korliv»


Presseklipp etter konserten:

"Sjølv om koret gjennomførte sin debutkonsert, står det fram som profesjonelt og med songarar som saman og individuelt held svært høgt nivå.

Konsertopplevinga fekk også ei utvida ramme for dei frammøtte gjennom dei mangfaldige kunstuttrykka som fire kunstnarar i koret presenterte under konserten. Rundt om i Propellhallen kunne vi sjå Yngvild Birkeland sine vakre kolteikningar av syngande menneske, Katharina Teige Førde sine spennande installasjonar av menneske i stålstreng, Ingeborg Rørvik Lejon sine sterke syngedamer i keramikk og Ingrid Lindstad Hildre med fargerik og vakker tekstilkunst. Dette var med på å utdjupe kjensla av å ta del på ein visuell gladkonsert med strålande lydbilete, klang og akustikk."

Kaspar F. Selvik ("Møre")


23. april

Konsert med Ungdomssymfoniorkesteret

Presseklipp etter konserten:

Vakker vårkonsert...Publikum fekk ei flott konsertoppleving med variert repertoar frå Ørsta/Volda Ungdomssymfoniorkester i samspel med fleire solistar.

Kaspar F. Selvik ("Møre")


Tidlegare utprøvingskonsertar i Propellhallen:

Presseklipp etter den store opningskonserten 14. og 15. november 2015, med Symfoniorkesteret og koret ved Høgskulen i Volda, Volda Vokal, Ørstakoret og solistane Ragnhild Engeset, Aurora Rotnes og Kamal Al Ahmoudi i Karl Jenkins si Fredsmesse "The Armed Man", dirigert av Elizabeth Oltedal (foto: Ingvild Runde):

"...ein sterk, kraftfull, rørande, og til tider magisk konsert i den gamle industrihallen...Dette er eit heilt vidunderleg lokale." (Møre-Nytt)

"Helga var prega av grufull terror i Paris. I propellhallen i Volda blei det framført musikalsk kritikk mot krig i religionens namn...Det gav ei veldig meining. Heile dramaet er globalt, og det er eit ekko av det vi har sett siste dagane...ein mektig konsert." (Sunnmørsposten)

"...imponerande høgt nivå på både kor og orkester." (Møre)

Presseklipp etter lyskonserten med PARALLAX + Nilsson 27. november (heile kritikken gjengitt):

"Nyanserik akustisk jazz- og lyskonsert

Medan den første testkonserten i Propellhallen kulturarena var av det store og mektige slaget, der musikken kunne vore framført i andre store, klangfulle konsertlokale med same effekt, var fredagens andre testkonsert meir spesialtilpassa nettopp dette industrilokalet. PARALLAX + Nilsson er ei gruppe på tre akustiske musikarar og ein lysdesigner. Desse fire er Are Lothe Kolbeinsen (gitar og preparert gitar), Ulrik Ibsen Thorsrud (trommer og perkusjon), Stian Omenås (trompet og perkusjon) og Elisabeth Kjeldal Nilsson (lysdesign). Både musikken og lysdramaturgien blir tilpassa og oppstår i samforståing med det rommet dei til ei kvar tid opptrer i. Musikken er tvers gjennom improvisert, den blir til i augneblinken. Lysdesignet har på si side nokre variablar som designeren kan improvisere med, alt etter kva rom dei er i.

Det publikum fekk vere vitne til fredag kveld var musikk og lysrørsler som tydeleg gjekk i eitt med det industrielle rommet. Det heile voks fram slik at ein i det klingande og visuelle kjende att inspirasjonen frå røra i taket og propellane på golvet. Lyd-og lysimprovisasjonen starta som ei naturleg fylgje av rommet me sat i, men skapte etter kvart også nye assosiasjonar, slik at den transcenderte rommet, den ga nye perspektiv. Taket vart til dømes ikkje berre tak, men vart også ei glitrande vassoverflate ein såg ned på. Forhallane vart ikkje berre det me hadde passert gjennom på veg inn i konsertlokalet, men vart også omskapte til uutforska, mørke fjellsider langt borte.

Difor, når me etter den timelange improvisasjonen tusla oss stille ut gjennom "gata" i bygget, var det med ei kjensle av å ha sett djupare inn i dette huset, lytta djupare inn i oss sjølve, og vorte merksame på at det me til dagleg ser og høyrer rundt oss kanskje er meir enn det me i farten oppfattar og tenkjer over.
Dette er ei av kunstens viktigaste roller. Og eg er takksam for at PARALLAX + Nilsson viste oss dette i Propellhallen. Ikkje minst regnet som tromma på taket og vinden som ula ute vart i denne improvisasjonen omdanna til inspirerande materiale for kunsten deira.

Magnar Åm" (Møre)

L


Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam porttitor augue a turpis porttitor maximus. Nulla luctus elementum felis, sit amet condimentum lectus rutrum eget.

TITTEL 1